OleAndreas-001Ole Andrè er 21 år og har vokst opp på Austevoll men bor nå i Bergen. Resten du trenger å vite om Ole Andrè følger her:

1. Instagram og Twitter
Instagram: oleaus / twitter: oleaus

2. Antall år som syklist?
Seks år som syklist

3. Antall sesonger på Coop-ØsterHus (før 2016)
Første sesong på Coop-ØsterHus

4. Nåværende klubb + tidligere klubber og lag
Tidliger klubber/lag
Fana Il 2013
Team Fixit 2014-2015
Klubben eg står i no er Fana IL

5. Ryttertype
Agressiv rytter som liker seg i kupert terreng

6. Største resultat og/eller opplevelse med sykling
Personlig var den største sykkelopplevelsen min første nasjonale seier i Roserittet i 2014. Ein dag alt stemte og ein kunne berre kjøre på i motbakkene. Det var eit stort steg for meg.

7. Kort om din utvikling som rytter - fra ungdomsår til nå
Begynte idrettskarrien på den lokale friidrettsbana i Austevoll der eg satsa på mellom og langdistanse frå eg var 11 til 16 år. Opplevde mykje kjekt på friidrettsbana der den største opplevinga var å bli norgesmester i terrengløp for 15 årsklassen. Då eg etterkvart skifta idrett til sykling på hausten når eg var seksten hadde springinga gitt meg eit godt grunnlag og eg kunne hevda meg greit ganske fort.
Det var eit hardt møte med junioreliten i NC i Sandnes hugsar eg men berre det å komme seg igjennom løpet gav motivasjon til videre trening og då eg seinare i sesongen blei nummer 5 i eit norgescupløp bestemte eg meg for å satse alt på syklingen.
Etter ein sesong med gode sykkelkompisar i Fana som senior med god fremgang gjekk vegen til det nystarta kontinentallaget fixit.no frå Bergen.
Her lærte eg mykje og hadde ein god trenar i Fredrik Mohn som fekk meg til å bli ein sterkare rytter og plasseringane blei bedre for kvar sesong.
Etter 2015 sesongen fekk eg eit tilbod frå Coop-Østerhus som eg takka ja til og no er det berre opp til meg sjølv korleis vegen blir videre.

8. Mål og forventninger foran 2016-sesongen
Personlig er målet er ta eit steg og bli sterk nok til å ta min første UCI-siger. NM U23 og Ringerike GP er også viktige mål for meg. Har også ein plan og eit mål om å kjøre bra nok i starten av sesongen til å kjøre meg inn på klassikerlaget til Noregs U23 landslag. For mi rolle i lagets sin del er det også eit viktig mål for meg å kunne bidra med ein så god jobb som mogleg for at andre på laget skal kunne lykkes å vinne ritt.

9. Hvordan går forberedelsene til en ny sesong
Veldig bra, har fått eit godt inntrykk av laget og mine nye lagkamerat har tatt meg godt imot.
Treninga i vinter har godt veldig bra, holdt meg frisk og skadefri og under veldig god treningsveiledning av Olav Benjaminsen og Stein Ørn, eit gjennomtenkt og profesjonelt treningsprogramm som eg er sikker på vil gje meg eit løft til våren.

10. Langsiktet mål som syklist
Det langsiktige målet er sjølvsagt kontrakt med eit profesjonelt sykkellag og seirar i internasjonale sykkelritt. Å ein dag ta medalje i NM fellestart senior er også eit langsiktig draum.

11. Skole, utdanning, jobb
Er inne i mitt andre semester ved samfunnsvitenskapelege fakultet ved Universitet i Bergen. Studerer samanlignbar politikk og denne våren tar eg eit fag om midtausten histore. Syns det er kjekt å ha noko å lese på utanfor syklingen og så lenge det er mykje sjølvstending arbeid og ikkje går ut over kvaliteten på treningsarbeidet er det noko eg har tenkt å helde fram med.

12. Hobby, fritidsinteresser - hvorfor
Har ingen spesielle hobbyer bortsett frå sykling og studier men syns det er kjekt å treffe venner over ei god kanne kaffi og berre slappe av. Er også veldig filminteresert og Bergen Kino blir ofte besøkt .

13. Tidligere idretter
Mellomdistanse og langdistanseløp, friidrett.

På siden av sykkelsporten:

1. Hvilken bok ligger på nattbordet?
"Ei verd bygd på Islam"

2. Beste film i 2015?
Spectre 007

3. Min musikk
Bob Dylan, blodfan. Fan av det aller meste frå den gamle meisteren men har personlig "Blonde on Blonde" Highway 61 revisted" og "John Wesley Harding" som dei tre ypperste albuma av Dylans mange mesterverk.

4. Beste fredagsmat?
Pizza

5. Drømmebilen?
Aston Martin one 177

6. New York eller Jotunheimen?
New York

7. Jotunheimen eller Lofoten?
Jotunheimen

8. Sandstrand eller topptur?
Topptur.

9. Cola eller Pepsi?
Cola

10. Beste Squeezy bar?
Squeeze Super Energy bar , Flavour Cola

Fotoregi: Ole A. Austevoll
Inspirasjon: Pink Floyd & Bob Dylan

Share